Harvard University

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harvard University
Fil:Harvard Yard, Harvard University.JPG, Langdell Hall, Harvard Law School, Cambridge, MA - IMG 5626.JPG
MottoVeritas («Sanning»)
Grunnlagt1636
TypeUniversitet
Studentar19 550 (2006)
Tilsette2 035 (2006)
Nettstadhttps://www.harvard.edu/
Memorial Hall, som fungerer som teatersal og matsal for førsteårsstudentar.
Harvard Yard med studentbustader i bakgrunnen

Harvard University, eigenleg President and Fellows of Harvard College, er eit privat universitet i Cambridge i Massachusetts. Det er medlem av samanslutninga Ivy League. Universitetet blei grunnlagt 8. september 1636 og er den eldste institusjonen for høgare utdanning i USA.

Harvard University er oppkalla etter presten John Harvard, som testamenterte nokre hundre bøker til å etablera biblioteket på skulen, i tillegg til fleire hundre pund.

Universitetet har det største pengefondet av alle utdanningsinstitusjonar i verda. I 2005 hadde fondet ein verdi på 22,6 milliardar dollar. Harvard sitt alumnnettverk har ca. 335 000 medlemer.

Fakultet[endre | endre wikiteksten]

Harvard har desse fakulteta:

  • Harvard College
  • Harvard School of Engineering and Applied Sciences
  • Harvard Division of Continuing Education
  • Harvard Graduate School of Arts and Sciences
  • Harvard Divinity School
  • Harvard Graduate School of Education
  • Harvard Kennedy School of Government
  • Harvard Law School
  • Harvard Business School
  • Harvard School of Public Health
  • Harvard Medical School
  • Harvard School of Dental Medicine

Biblioteka ved Harvard University har meir enn 16 millionar titlar, som gjer det til USAs nest største bibliotek (2006).[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. American Library Association, The World Almanac, side 404.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]