Hasenöhrl

Koordinatar: 46°32′42″N 10°51′28″E / 46.54500°N 10.85778°E / 46.54500; 10.85778
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hasenöhrl
fjell
Hasenöhrl sett frå sørsida
Land  Italia
Fjellkjede Ortleralpane
Høgd 3 257 moh.
Koordinatar 46°32′42″N 10°51′28″E / 46.54500°N 10.85778°E / 46.54500; 10.85778
Kart
Hasenöhrl
46°32′42″N 10°51′28″E / 46.545°N 10.85777778°E / 46.545; 10.85777778
Wikimedia Commons: Hasenöhrl (Ortler Alps)

Hasenöhrl (italiensk l'Orecchia di Lepre) er ein 3 257 meter over havet høg fjelltopp i Ortleralpane, i provinsen Bolzano i Italia.

Både mot nordaust, sør og vest strekker seg frå toppen markante fjellryggar, delvis gåande for folk. Då toppen er lett å nå frå Vinschgau-dalen i nord og frå Ultental i sør, er Hasenöhrl eit ynda turmål med vid utsikt. Fleire ruter langs fjellryggane fører til topps. På seinvinteren og våren er Hasenöhrl eit mål for turgårar på ski.

Den fyrste dokumenterte toppturen på Hasenöhrl fann stad så seint som 17. august 1895 då fjellklivaren Alexander Burckhardt frå Erfurt tok turen åleine. Han gjekk opp langs vestryggen. Sidan fjelltoppen er rimeleg lett å klive, er det grunn til å tru at han vart besøkt lenge før 1895.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]