Hege Nilssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hege Nilssen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. januar 1970 (54 år)
Yrke direktør

Hege Nilssen (fødd 8. januar 1970) er direktør i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), for ein periode på seks år frå 15. august 2022.[1]

Nilssen studerte økonomi ved Universitetet i Oslo frå 1989 til 1995. I 1999 blei ho underdirektør i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet,[2] og i 2003 utnemnd til avdelingsdirektør i Utdannings- og forskningsdepartementet.[3] Frå 2004 til 2013 var ho divisjonsdirektør for analyse og vurdering i Utdanningsdirektoratet.

I åra 2013–2015 var Nilssen sekretariatsleiar for Ludvigsen-utvalet,[4] som undersøkte om grunnopplæringas fag opp mot krav til kompetanse i eit framtidig samfunns- og arbeidsliv.[5] Arbeidet til utvalet leia til oppdateringa av læreplanar kalt «fagfornyinga».

Nilssen blei konstituert i stillinga som direktør for Utdanningsdirektoratet i mai 2016, og leia direktoratet i ein overgangsperiode fram mot omorganisering av etaten og samanslåing med Senter for IKT i utdanningen. Frå januar 2018 var Nilssen direktør for Utdanningsdirektoratet i ei åremålsstilling på seks år.[6][7]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hege Nilssen er ny direktør i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet». regjeringen.no. 22. mai 2022. Henta 24. mai 2022. 
  2. «Offisielt fra statsråd 12. mars 1999». Regjeringen.no (på norsk). Statsministerens kontor. 12. mars 1999. Henta 25. august 2017. 
  3. «Offisielt fra statsråd 7. november 2003». Regjeringen.no (på norsk). Statsministerens kontor. 7. november 2003. Henta 25. august 2017. 
  4. Kunnskapsdepartementet (15. juni 2015). «NOU 2015: 8». Regjeringen.no (på norsk). Henta 30. mai 2022. 
  5. «5 punkter om hvordan Ludvigsen-utvalget vil forandre norsk skole». Aftenposten. 15. juni 2015. Henta 11. august 2022. 
  6. Kunnskapsdepartementet (25. august 2017). «Hege Nilssen ny direktør for nye Utdanningsdirektoratet». Regjeringen.no (på norsk bokmål). Henta 7. mars 2024. «Det nye Utdanningsdirektoratet med ansvar for barnehage, grunnopplæring og IKT er en sammenslåing av Utdanningsdirektoratet og Senter for IKT i utdanningen. Direktoratet blir formelt etablert 1. januar 2018. | Nilssen har siden mai 2016 vært konstituert direktør for Utdanningsdirektoratet. Før det var hun blant annet divisjonsdirektør i Utdanningsdirektoratet og sekretariatsleder for Ludvigsen-utvalget.» 
  7. «Offisielt frå statsrådet 25. august 2017». Regjeringa.no. Statsministerens kontor. 25. august 2017. Henta 25. august 2017.