Heggfjorden

Koordinatar: 65°25′35.702″N 12°34′25.871″E / 65.42658389°N 12.57385306°E / 65.42658389; 12.57385306
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

65°25′35.702″N 12°34′25.871″E / 65.42658389°N 12.57385306°E / 65.42658389; 12.57385306 Heggfjorden er ein fjordarm av Velfjorden i Brønnøy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 4,5 km sørover til tettstaden Hommelstø i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom bygda Nevernes i aust og Dyrnesodden i vest. Like før botn av fjorden deler han seg i to ved Rugåsnesodden. Ein del går sørvest og inn til Hommelstø, medan den andre går søraust til garden Aunet.

Fv49 går på austsida av fjorden, medan Fv47 går på vestsida. Inst i fjorden går òg Riksveg 76.