Heihe
Heihe | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Heihe | |||
Wikimedia Commons: Heihe | |||
Heihe er eit byprefektur nordvest i provinsen Heilongjiang i Kina. Byprefekturet har eit areal på 54 390 km² og 1 673 898 innbyggjarar i 2010.
Byen Heihe ligg ved grensa til Russland, på sørbreidda av elva Amur (på kinesisk: Heilongjiang) og tvers overfor den russiske grensebyen Blagovesjtsjensk. Heihe og Blagovesjtsjensk utgjer ei frihandelssone og er eit av dei viktigaste sentera for den sino-russiske handelen. I vest grensar Heihe mot den autonome regionen Indre Mongolia.
Byprefekturet Heihe omfattar eitt distrikt (区 qū), to byfylke (市 shì) og tre fylke (县 xiàn).
Samferdsle[endre | endre wikiteksten]
Kinas riksveg 202 tek til i Heihe i provinsen Heilongjiang og passerer gjennom Harbin og Shenyang før han endar i Dalian ved Gulehavet.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Heihe» frå Wikipedia på bokmål, den 10. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Heihe» frå Wikipedia på engelsk, den 10. april 2012.