Heinola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå midtbyen i Heinola

Heinola er ein kommune og ein by i landskapet Päijänne-Tavastland i Finland. Kommunen dekker eit areal på 839,3 km² og hadde knapt 20 000 innbyggarar i 2014. Byen Heinola ligg 35 km nordaust for Lahtis.

Heinola var ein landsby då svenskekongen Gustav III i 1776 bestemte at staden skulle vere administrativt sentrum i regionen. Jamsides voks staden sin posisjon som handelssentrum for kringliggjande regionar.

Då Finland hamna under russisk styre i år 1809 den regionale administrasjonen flytta austover. Heinola vart tildelt byprivilegiar i 1839.

Etter andre verdskrigen voks framom alt treforedlingsindustrien i Heinola. Frå 1970-talet minka indsustrien si økonomiske rolle, medan handels- og tenestesektoren auka i omfang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]