Hekksaks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bruk av handdriven hekksaks.

Hekksaks er ein hagereiskap brukt til å klippa hekkar, buskar og greiner med. Manuelle hekksakser kan vera forma som ei stor saks, medan motoriserte hekksakser kan ha fleire knivar som skjer av greinene.

Handdrivne hekksakser har vore i bruk sidan ein byrja å forma plantar til hekkar og figurar. Dei finst i mange ulike utformingar, og er miljøvennlege, men arbeidsintensive.

Motoriserte hekksakser kan bruka strøm eller bensin. Elektriske sakser er nokså lette, men treng ein ledning om ein ikkje bruker batteri. Batteri på si side kan gjera saksa tung.[1]

Bensindrivne sakser kan vera sterke, men også tunge og noko vanskelegare å starta enn dei elektriske. Dei fleste motoriserte hekksakser har ei tryggleiksinnretting som gjer at dei berre verker når brukaren held i handtaka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Test av hekksakser». Gjør Det Selv. 3. mai 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hekksaks