Helgøyna
Utsjånad
61°26′55″N 05°31′19″E / 61.44861°N 5.52194°E
| Helgøyna | |||
| øy | |||
| Fylke | Vestland | ||
|---|---|---|---|
| Kommune | Sunnfjord kommune | ||
| Høgaste punkt | 51 moh. | ||
Helgøyna er ei øy i Førdefjorden, i Sunnfjord kommune i Vestland fylke. Fram til 2020 var ho del av Naustdal kommune. Øya er veglaus.
Helgøyna vart busett som husmannsplass under garden Vatne tidleg på 1800-talet. Ved folketeljinga i 1900 budde det ni personar her.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Geir Kleiveland, Naustdal bygdebok - Gards- og ættesogd, bd. I (Naustdal sogelag, 1995)
- ↑ Folketeljing 1900 for Naustdal herred, frå Digitalarkivet