Helge Nordahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helge Nordahl
Fødd 26. juni 1975 (48 år)
Idrett sjakk

Helge Nordahl (fødd 26. juni 1975) i Bærum er ein norsk sjakkspelar. Han blei utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk (IM) i 2005.

Helge Nordahl tok IM-napp ved 6 poeng på 9 rundar i Gausdal Troll Masters 7-15.1.2003 og 7,5 poeng på 11 rundar i Gausdal Chess Classics II 21-29.10.2003.[1] Han tok så 5,5 poeng på 9 rundar i eliteklassa i Noregsmeisterskapen i sjakk i Molde 3-10.7.2004.[2] Han hadde dermed klart dei tre nødvendige IM-resultata. Helge Nordahl klarte kravet om eigen rating på meir enn 2400, med 2402 pr. 1. januar 2005, og blei deretter utnemnd til Internasjonal Meister på FIDE-møtet i Tbilisi, Georgia 26-27.2.2005.

Helge Nordahl blei junior-noregsmeister i sjakk i 1995, etter omkamp mot Nina Hagesæther.[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Øystein Brekke: Norske sjakktrekk Norges sjakkforbund 100 år 1914-2014, Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. [1] Kopi av dei to resultata i IM-søknaden til FIDE for Helge Nordahl
  2. [2] Kopi av NM-resultatet i IM-søknaden til FIDE for Helge Nordahl
  3. Brekke 2014 s. 301