Helle Helle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Helle Helle
Helle Helle Literaturhaus München.jpg
Helle Helle hos Literaturhaus München 21. juni 2012
Foto: Lesekreis
Fødd 14. desember 1965
Nakskov
Yrke skribent, romanforfattar
Helle Helle på Commons

Helle Helle (fødd 14. desember 1965) er ein dansk forfattar, opphavleg døypt Helle Olsen.

Helle Olsen er fødd i Nakskov, Lolland kommune i Danmark. Ho debuterte med novella Et blommetræførste i avisa Information i 1987 under namnet Helle Krogh Hansen. Seinare valde ho å ta etternamnet til bestemor si, Helle, og det var under det namnet ho gav ut romanen Eksempler på liv i (1993).

Helle Helle er exam.art. i litteraturvitskap frå Københavns Universitet. I tillegg er ho utdanna frå forfattarskule. Ho er kjend for ei avmålt, realistisk røyst i skrivinga si. Helle Helle har fått det danske Statens Kunstfonds tre-årige arbeidsstipend. Bøkene hennar er omsette til norsk, svensk, estisk, nederlandsk, tysk og tsjekkisk.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Eksempel på liv, roman, 1993
  • Rester, noveller, 1996
  • Hus og hjem, roman, 1999
  • Biler og dyr, noveller, 2000
  • Forestillingen om et ukompliceret liv med en mand, roman, 2002
  • Min mor sidder fast på en pind, børnebog (med Lars Nørgaard), 2003
  • Rødby-Puttgarden, roman, 2005
  • Ned til hundene, roman 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]