Helsingfors universitet metrostasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Helsingfors universitet (finsk: Helsingin yliopisto) er ein stasjon på Helsingfors metro. Stasjonen vart opna 1. mars 1995. Han vart utforma av arkitektbyrået Kontio – Kilpi – Valjento Oy.

Stasjonen heitte Kajsaniemi (finsk: Kaisaniemi) 1995–2014 og var i denne perioden den einaste stasjonen på Helsingfors metronettverk som berre vart annonsert på eit språk.