Hemiedri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hemiedri, hemimorfi og holoedri er nemningar frå geometrisk krystallografi. Den mest symmetriske krystallklassen i kvart av dei sju krystallsystema har dei største mengdene til systemet ekvivalente krystallflater og blir kalla holoedrisk. Dei klassane som berre har den halve mengda flater kallast hemiedriske, og dei som har den halve mengda flater og samtidig polare aksar (det vil sei at krystallflatene er ulike ved dei to motsette endane av ein symmetriakse) kallast hemimorfe. Den holoedriske forma er ein diheksagonal bipyramide med 24 ekvivalente flater, den hemiedriske er ein heksagonal bipyramide, og den hemimorfe ein diheksagonal pyramide, kvar med 12 ekvivalente flater.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]