Hemsedal skisenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hemsedal Skisenter)
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn over Hemsedal Skisenter med nokre av bakkene.

Hemsedal skisenter er eit skisenter som ligg i Hemsedal kommune i Buskerud fylke. Anlegget ligg på sørsida av dalen vest for tettstaden Trøym/Hemsedal.

Hemsedal skisenter er det nest største skisenteret i Noreg, med 42 bakkar og 21 heisar, inkludert fleire terrengparkar. Senteret har skiskule, barneheisar, bakkar for næmingar, utleige av ski, sportsbutikk, barnepass, restaurantar, kafear, matbutikk m.m. Det er også gode forhold for off piste og toppturar.

Hemsedal Skisenter AS eig og driv Hemsedal Booking som formidlar overnatting i Hemsedal. Hemsedal Skisenter er eigd av Skistar AB, som også driv skisenter i Trysil i Noreg, og Sälen, Vemdalen og Åre i Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]