Henging

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hengde opprørarar frå det indiske soldatopprøret i 1857.

Henging er ein avrettingsmetode som har vorte mykje bruka opp gjennom tida. Framleis i dag er han i bruk, mellom anna i Iran. Personen blir da hengd etter halsen (oftast i eit tau) til han døyr.

Ein kan skilje mellom henging med høgt fall og henging utan høgt fall eller utan fall i det heile. Ved henging med høgt fall og eventuelt vekter festa til beina, vil personen knekkje nakken i fallet, og såleis vera medvitslaus når han døyr. Utan høgt fall, vil personen sakte bli kvelt. Dette kallar ein au levande henging. Dødsprosessen tek etter denne metoden lang tid.

I Storbritannia vart folk som var dømde for høgforræderi i gamle dagar «hanged, drawn and quartered». Det vil seie levande hengde, og så tekne ned medan dei enno var i live. Så vart dei spretta opp og innvollane dregne ut. Når dei endeleg var døde, vart kroppane delte i fire og delane sette på stakar.