Henriette Lien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henriette Lien
Fødd20. desember 1969 (52 år)
Verka somskodespelar, dansar, yogainstruktør

Henriette Lien (fødd 20. desember 1969) er ein norsk skodespelar, dansar, programleiar, yogainstruktør, forfattar, foredragshaldar og coach.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Lien jobba som dansar i fleire musikalar og tv-show frå 1988-1998. Ho vart rikskjendis i såpeserien Hotel CæsarTV 2, der ho spelte rollefiguren Ninni Anker-Hansen i periodane 1998–2000 og 2001–2003, og Hos Martin, der ho i 2004 og 2005 spelte den karrierebevisste rollefiguren Elisabeth, som var gift med kaféverten Martin (spelt av Sven Nordin). Ho spelte òg mordaren Roxie Hart i musikalen ChicagoOslo Nye Teater. I 2006 var Lien programleiar for danseprogrammet DansefeberTVNorge saman med Kjetil Tefke. I 2007 gjorde ho jobben åleine og i 2008 delte ho programleiarjobben med ein svensk og ein dansk programleiar i So You Think You Can Dance Scandinavia. Ho har òg vore programleiar for Hit og dit og Grease på TVNorge. Hausten 2009 gjekk Lien frå tv til radio og vart programleiar i programmet Morgenklubben med Loven & coRadio Norge fram til 2016. Lien debuterte som forfattar med boka En Yogareise i 2018 og jobbar som i dag hovudsakleg som yogalærar i heile verda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]