Heraldikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Våpenskjold for Det tysk-romerske riket og medlemslanda i riket, frå 1510.

Heraldikk er fagområdet for våpenskjold, også kalla våpen, våpenmerke og skjoldmerke. Innhald, tyding og område for heraldikken kan vera forskjellig på ulike stader og til ulike tider, men dei har gjerne også fellestrekk: Våpenskjold inngår i eit system der våpena er brukte som faste kjenneteikn for eigarane. Dei har bestemte fargar og figurar som til vanleg blir attgjeven innanfor ei skjoldforma innraming.

Eit system med desse grunntrekka blei teke i bruk i fransktalande område i Vest-Europa, på siste halvdel av 1100-talet, og spreidde seg raskt vidare til andre land i Europa. Seinare har heraldikken blitt utbreidd vidare til andre verdsdelar og blitt brukt i mellom anna riksvåpen, kommunevåpen og såkalla kommunistisk heraldikk. Japan har eit eige heraldisk system av kjenneteikn kalla mon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen som har med historie og kunst å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.