Hermannsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hermannsfjorden er ein fjord på nordsida av Nordkvaløya i Karlsøy kommune i Troms og Finnmark. Fjorden strekkjer seg 3,5 km sørover til botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Kopparneset i sørvest og Langøya i nordaust. Han er omgjeve av relativt høge og bratte fjordsider. På vestsida ligg Kopparberget på 341 meter over havet, og på austsida Svartdalstinden (681 moh) og Bringen (383 moh).