Hesperium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hesperiahøgsletta (Hesperia Planum) og kringliggjande terreng

Hesperium (namnsett etter Hesperiahøgsletta[1]) er den nest tidlegaste geologiske perioden til Mars som det finst kjende fysiske spor etter.[1] Perioden kjem etter Noachium og varte frå 3,7 til 2,9 milliardar år sidan.

Talet på nye nedslagskrater per tidseining var mykje lægre i Hesperium enn Noachium. Den vulkanske aktiviteten gjekk òg ned, men var framleis tydeleg. Fleire enorme flaumar fann stad i perioden, mellom anna kring kanten av Chryse-lågsletta og aust i Hellas-lågsletta. Kaosterreng vart òg danna.[1]

Marsroveren Spirit landa i eit område rikt på steinar frå Hesperium.[2]

Etter Hesperium fylgjer Amazonium.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]