Hestan Island
Hestan Island | |||
øy | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Hestan Island 54°49′56″N 3°48′33″W / 54.8321°N 3.8092°W | |||
Wikimedia Commons: Hestan Island |
Hestan Island er ei lita øy ved kysten av Skottland i Solway Firth.
Hestan Island ligg ved innløpet til Auchencairn Bay[1] i regionen Dumfries and Galloway i det tidlegare grevskapet Kirkcudbrightshire. Det vart bygt eit fyr på austsida av øya av Alan Stevenson i 1850.
Når fjøra er særs låg er det mogeleg å gå tørrskodd over frå Almorness Point til nordenden av Hestan. Sør på øya ligg «Daft Ann's Steps», ei rad med steinar i vatnet. I følgje segna skal ei mindre intelligent jente ha lagt steinar til å trø på føre seg for å nå Balcary Point og drukna.[2]
Ruinane av herregarden til Edward Balliol står nord på øya.
På 1700-talet var øya involvert i smugling og varer vart lagra i grotter sørvest på øya. Samuel Rutherford Crockett skriv mellom anna om dette i romanen The Raiders.[2]
Øya er ein populær destinasjon for havkajakkpadlarar.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hestan Island» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Gazetteer for Scotland, henta 25. mars 2010
- ↑ 2,0 2,1 A History of Auchencairn og District, www.Auchencairn.org.uk, henta 25. mars 2010
- ↑ Daft Anne's Steps, Hestan Island, the Solway Firth, Seakayakphoto.blogspot.com, henta 25. mars 2010