Heydər Əliyev adına İdman Konsert Kompleksi
Heydər Əliyev adına İdman Konsert Kompleksi | |||
![]() | |||
Offisielt namn | Heydər Əliyev adına İdman Konsert Kompleksi | ||
---|---|---|---|
Stad | Baku i Aserbajdsjan | ||
Arkitekt | Yuzef Qədimov, Talaat Khanlarov, Tahir Abdullayev | ||
Påbegynt | 1977 | ||
Opna | 1990 | ||
Kapasitet | 7 800 | ||
Stil | jugendstilarkitektur | ||
Hendingar | * VM i rytmisk gymnastikk 2005 | ||
![]() Heydər Əliyev adına İdman Konsert Kompleksi 40°23′30″N 49°49′30″E / 40.39166667°N 49.825°E |
Heydər Əliyev adına İdman Konsert Kompleksi (aserbajdsjansk for Heydər Əliyev sport -og utstellingskompleks) er det største utstellingslokalet i Baku i Aserbajdsjan. Sidan det opna i 1990 har om lag 40 internasjonale tevlingar i ulike sportar vorte haldne i komplekset. Det har plass til 7 800 personar, noko som gjer det til en av dei største sportsarenaane i landet.
Eurovision Dance Contest
[endre | endre wikiteksten]Heydər Əliyev adına İdman Konsert Kompleksi skulle vere arena for Eurovision Dance Contest 2009, men tevlinga har vorte utsett på ubestemd tid på grunn av mangel på deltakarland.
Eurovision Song Contest 2012
[endre | endre wikiteksten]Då det vart klårt at Aserbajdsjan skulle arrangere Eurovision Song Contest 2012 stod komplekset som ein av hovudkandidatane til å verte arena. Seinare valde ein å byggje ein ny arena for tevlinga, Bakı Kristal Zalı.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hejdar Alijevs sport- och utställningskomplex» frå Wikipedia på svensk, den 3. mai 2012.