Highland clearances

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den mest dramatiske perioden i historia til Høglanda blir kalla The Highland Clearances. Denne hendinga var ein del av ein generell endringsprosess i heile det britiske jordbruket, som førte til at dei fleste småbøndene vart fordrivne frå bygdene fordi godseigarane ikkje trong dei der lenger, dei var i vegen. Heile prosessen blir i britisk soge kalla enclosure movement.

I dei skotske høglanda kom denne prosessen seinare enn i resten av landet, i hovudsak på 1800-talet, han var bråare og enda meir brutal. Heimane vart nedbrende, og mange, særleg barn og eldre, døydde av svolt og sjukdom. Mange måtte utvandre eller flytte sørover. Enno i dag er det fleire sauer enn menneske i Høglanda.

Somme meiner det som skjedde òg var ei form for tidleg etnisk reinsing, og ein freistnad på å utrydde den keltiske kulturen. Godseigarane lukkast iallfall, med militær støtte frå styresmaktene, i å redusere folkesetnaden varig, og svekkje keltisk kultur i området.

Kjelde: Artikkelen Dei skotske høglanda, bolken Historie.