Historia til grenlandsmålet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Historia til grenlandsmålet er grundigast skildra i Dalene (1953).

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Vokalar i trykksterk staving[endre | endre wikiteksten]

Dersom vi i fyrste omgang ser bort ifrå kvantitetsendringar, kan tilhøvet mellom norrøne og grenlandske monoftongar og diftongar framstellast som i tabellen under, der norrøne sekvensar av j pluss vokal har blitt rekna som diftongar:[1]

Norrønt i [i] e [e] y [y] ø [ø] u [u] o [o] a [ɑ] ǫ [ɒ] í [iː] é [eː] æ [æː] ý [yː] ǿ [øː] ú [uː] ó [oː] á [ɑː] ǫ́ [ɒː] ei [ei] ey [øy] au [ɒu] ja [ja] [jɒ] [juː] [joː] [jɑː] jǫ́ [jɒː]
Grenlandsk i, e~æ e~æ y, ø ø u~ʉ, o o, ø a, e~æ o íː ~æː ~æː øː ~ʉː æi øy æʉ ja, je~ jo, ju jʉː, (j)øː joː joː

Her er nokre døme:

  • Norrønt sitja [ˈsitja] > grenlandsk ²site 'sitje'
  • Norrønt vin [ˈwin] > grenlandsk ¹ven 'ven'

Vokalar i trykkveik staving[endre | endre wikiteksten]

Mange særkjenne ved grenlandsmålet kjem fram når ein ser korleis dei tre trykkveike norrøne vokalane i a u har utvikla seg i grenlandsmålet:

  • Norrøn i og u har falle saman i e.
  • Norrøn a har blitt til e, æ og a:
    • e når norrøn a stod i slutten av eit ord.
    • æ føre ståande r
    • a når norrøn a hadde ein annan konsonant enn r etter seg.

Desse bøyingsmønstera illustrerer det som har skjedd:[2]

  • Norrønt vísu – vísuna – vísur – vísurnar > grenlandsk ²viːse – ²viːsa – ²viːser – ²viːsene 'vise'.
  • Norrønt gest – gestinn – gestir – gestirnir > grenlandsk ¹jest – ¹jesten – ²jester – ²jestene 'gjest'.
  • Norrønt hest – hestinn – hestar – hestarnir > grenlandsk ¹hest – ¹hesten – ²hestær – ²hestane 'hest'.
  • Norrønt kasta – kastar – kastaði – kastat > grenlandsk ²kaste – ²kastær – ²kasta – ²kasta 'kaste'.

I norrønt kasta har trykkveik a blitt til e sist i ordet. I norrønt hestar og kastar har trykkveik a blitt til æ føre r. I norrønt hestarnir har trykkveik a halde seg som a, og ikkje blitt til æ, av di r har falle bort. I norrønt kastaði og kastat har a halde seg som a føre konsonantane n ð t, som seinare har falle bort. I norrøn gestinn, gestir, gestirnir, hestinn og hestarnir har trykkveik i blitt til e. I norrøn vísu og vísurnar har trykkveik u blitt til e; det er ikkje mogeleg å avgjere om grenlandsk ²viːse kjem av norrønt vísa (nominativ) eller vísu (akkusativ). Når også trykkveik a her har blitt til e, trass i at han er fylgd av ein konsonant, har det truleg morfologiske årsaker, ved bortfall av genus-skiljet mellom -nir (hankjønn) og -nar (hokjønn). I norrønt vísuna har -una fyrst blitt til ein nasal vokal, som så har blitt til -a i moderne grenlandsmål; det er ikkje mogeleg å avgjere om grenlandsk ²viːsa kjem av norrønt vísan (nominativ) eller vísuna (akkusativ).

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Konsonantar i trykkveik staving[endre | endre wikiteksten]

Konsonantbortfallet i trykkveike stavingar er òg regelrett:

  • Norrøn t og ð har falle bort i trykkveik staving.
  • Norrøn n har falle bort i trykkveik staving, men har nasalert føregåande vokal, som seinare har blitt til a.

Bortfallet av t og ð er illustrert i bøyingsmønstera over. Bortfallet av n og overgangen til a er illustrert i desse døma:

  • Norrønt skálin > grenlandsk ¹skoːɽa 'skåla'.
  • Norrønt vísan > grenlandsk ²viːsa 'visa'.
  • Norrønt morgin / morgun (akkusativ) > grenlandsk ²mora 'morgon'.
  • Norrønt hana (akkusativ) > grenlandsk a 'henne'.

Merk at dei doble konsonantane tt og nn ikkje fell, men blir til t og n:

  • Norrønt gestinn > grenlandsk ¹jesten 'gjesten'.
  • Norrønt leiróttr > grenlandsk ²læirete 'leirut'.

Norrøn postvokalisk f, ð, g[endre | endre wikiteksten]

Etter vokal representerte norrøn f, ð og g dei stemde frikativane [v], [ð] og [ɣ]:

  • Norrønt grafa [ˈgrava] 'grave'.
  • Norrønt leiða [ˈleiða] 'leie'.
  • Norrønt draga [ˈdraɣa] 'dra'.

I grenlandsmålet har desse tre konsonantane utvikla seg slik:

  • [v] har falle bort mellom norrøn ú og ein annan vokal og etter norrøn au, men har elles blitt ståande som v.
  • [ð] har alltid falle bort, truleg bortsett frå fremst i enklitiske pronomen, der han har blitt til r.
  • [ɣ] har blitt borte eller til sisteleden i diftongane æu, æi og øy, mellom anna slik:
    • Bortfall etter norrønt ú, a, au, ei og ey.
    • Norrøn og [oɣ] og óg [oːɣ] > grenlandsk æʉ.
    • Norrøn eg [eɣ] > grenlandsk æi.
    • Norrøn øg [øɣ] og ǿg [øːɣ] > grenlandsk øy.

Her er former som illustrerer nokre av endringane:

  • Norrønt dúfa [ˈduːva] > grenlandsk ²dʉːe 'due.
  • Norrønt rauf [ˈrɒuv] > grenlandsk ¹ræʉ 'rauv'.
  • Norrønt grafa [ˈgrava] > grenlandsk ²graːve 'grave'.
  • Norrønt tíð [ˈtʰiːð] > grenlandsk ¹tiː 'tid'.
  • Norrønt leiða [ˈleiða] > grenlandsk ²læie 'leie'.
  • Norrønt þrúga [ˈθruːɣa] > grenlandsk ²trʉːe 'truge'.
  • Norrønt dag [ˈdaɣ] (akkusativ) > grenlandsk ¹daː 'dag'.
  • Norrønt haug [ˈhɒuɣ] (akkusativ) > grenlands ¹hæʉ 'haug'.
  • Norrønt eiga [ˈeiɣa] > grenlandsk ²æie 'eige'.
  • Norrømt fogl [ˈfoɣl][3] > grenlandsk ¹fæʉeɽ 'fugl'.
  • Norrønt skóg [ˈskoːɣ] (akkusativ) > grenlandsk ¹skæʉ 'skog'.
  • Norrømt veg [ˈweɣ] > grenlandsk ¹væi 'veg'.

Når dei stemde frikativane var fylgde av ein nasal, har dei utvikla seg på eit anna vis:

  • Norrøn fn [vn] > *[bn] > grenlandsk mn.
  • Norrøn gn [ɣn] > *[ɡn] > grenlandsk ŋn.

Desse formene illustrerer endringane:

  • Norrønt nafn [ˈnavn] > grenlandsk ¹namn 'namn'.
  • Norrønt ofn [ˈovn] > grenlandsk *¹omn > ¹om 'omn'.
  • Norrønt rigna [ˈriɣna] > grenlandsk ²reŋne 'regne'. Forma finst hos Dalene (1953: 44).

Parallelt med dette har norrøn rn blitt grenlandsk n; jf avsnittet Norrøn rn nedanfor.

På grunn av påverknad frå bokmåls-basert talemål har uttalemåtar som ¹navn 'namn' og ¹ræin 'regn' blitt dominerande i dag. Merk at også norrønt aun [ɒun] har blitt til oŋn i grenlandsmålet:

  • Norrønt hrogn [ˈhroɣn] > grenlandsk ¹roŋn 'rogn (fiskeegg)'.
  • Norrønt raun [ˈrɒun] (akkusativ) > grenlandsk ¹roŋn 'rogn, raun (tre)'.
  • Norrønt kaun [ˈkɒun] > grenlandsk ¹koŋ 'kaun, kong (byll)'
  • Norrønt fraunar [ˈfrɒunar] > grenlandsk ²froŋne 'Frogner' (gard i Gjerpen).[4]

Norrøn rn[endre | endre wikiteksten]

Norrøn rn har blitt grenlandsk n, med kort eller lang vokal føre. Når vokalen føre er kort, kan vi rekne med denne utviklinga:

  • Norrøn Vrn [Vrn] > *[Vdn] > [Vnn] > [Vn].

Eit døme:

  • Norrønt bjǫrn [ˈbjɒrn] > grenlandsk ¹bjøn 'bjørn'.

Når vokalen føre har blitt lang, må vi truleg rekne med denne utviklinga:

  • Norrønt Vrn [Vrn] > *[Vːrn] > *[Vːdn] > *[Vːnn] > [Vːn].

Eit døme:

  • Norrønt barn [ˈbarn] > grenlandsk ¹boːn 'barn'.

Norrøn hv[endre | endre wikiteksten]

Den ordinitiale norrøne konsonantgruppa hv [ʍ], som i hvítr 'kvit’ ser ut til å ha utvikla seg i to ulike retningar i norske målføre, når vi held spørjeorda utanfor:

  1. [ʍ] > [w] > *[ɡw] > [ɡʋ]
  2. [ʍ] > *[kw] > [kʋ]

Endringane under punkt 1 finn vi på Søraustlandet, og endringane under punkt 2 i resten av landet. Søraustlandet skil seg frå resten av landet ved endringa [ʍ] > [w] (frå ustemd [ʍ] til stemd [w]), og fleire svenske målføre står framleis på dette stadiet, med [w] av eldre [ʍ] og [ʋ] av eldre [w], td [wit] ‘kvitt’ mot [ʋit] 'vidt’. I heile Noreg har den labial-velare halvvokalen utvikla seg til velar plosiv pluss [w], slik at den stemde [w] har blitt til [ɡw] og den ustemde [ʍ] har blitt til [kw]. Seinare har [w] blitt til [ʋ] i alle posisjonar. I mange søraustlandske målføre har [ɡʋ] seinare blitt til [ʋ], truleg gjennom påverknad frå dansk/bokmål og kanskje svensk. I grenlandsmålet er [ɡʋ] kjent frå orda under; berre det fyrste er relativt vanleg i dag:

  • Verbet ²ɡʋiːne 'kvine', av norrønt hvína, jamfør uttrykket de ¹ɡoː ʃoː de ɡʋiːner 'det går så det kvin' / de ¹jik soː de ¹ɡʋæin 'det gjekk så det kvein'.
  • Verbet ²ɡʋeːse 'kvese, kvæse', av norrønt hvæsa. Kjent frå Solum, jf Dalene (1953). I dag ²ʋeːse.
  • Verbet ɡʋeke 'kvekke, få ein støkk', av norrønt *hvekka (berre belagt i preteritum hvakk, grenlandsk ¹ɡʋak). I dag ²ʋeke (preteritum ¹ʋak).

I spørjeord har utviklinga av norrøn hv vore annleis, ved at [w] har falle bort i alle målføre. Utviklinga i grenlandsk har truleg vore [ʍ] > [h] > Ø. Solumsmålet (jf Dalene 1953) har former både med og utan h:

  • ¹hoː og ¹oː < norrønt hvat 'kva'. Reynolds (1952) oppgjev ¹hot 'kva' frå porsgrunnsmålet. I dag dominerer ¹oː.
  • ¹hore / ¹høre og ¹ore / ¹øre < norrønt hvar 'kvar'. Ordet er lite kjent i dag. I staden seier ein ¹oː … hen, td ¹oː skaː ¹dʉː hen 'kvar skal du?' og oː ¹æːra hen 'kvar er ho?' eller berre ¹hen, ¹hen ¹æːra 'kvar er ho?'
  • ¹hosen og ¹osen < norrønt hvorsu. (Det er ikkje kjent kvar n-en på slutten kjem frå, men han finst i former frå fleire delar av landet, jf tromsømål ¹kuʃen.)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Når grenlandsk har to refleksar i komplementær distribusjon, står det ~ mellom dei.
  2. Det er ikkje alltid mogeleg å sjå om eintalsformene av substantiva i grenlandsmålet går attende på nominativ- eller akkusativformene i norrønt. Sidan nokre former eintydig kjem av akkusativformene og ingen eintydig kjem av nominativformene, er berre akkusativformene tekne med her.
  3. Norrønt hadde både fogl og fugl.
  4. Jf. Rygh, Norske Gaardnavne: http://www.dokpro.uio.no/perl/navnegransking/rygh_ng/rygh_visetekst.prl?s=n&Vise=Vise&KRYSS118613%4026970=on

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]