Hjartholm i Gulen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hjartholm
Foto: Bjarne Thune
Hjartholm
Foto: Bjarne Thune
Hjartholm
Foto: Bjarne Thune

Hjartholm er ein stad i Gulen kommune i Vestland. Hjartholm består av Indre og Ytre Hjartholm. Hjartholm ligg på sørsida av Sognefjorden mellom Botnen i aust og Breidvik i vest.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet blei skrive Hiortholm i 1563, Hjerthollum i 1603, Hiertholm i 1611, Indre og Ytre Hiertholm i 1667 Hjartholm i 1723. Lokal uttale av namnet er ja'rthålm eller jæ'rthålm.

Ein rund åsrygg hol, holmr, stikk ut i Sognefjorden mellom Indre og Ytre Hjartholm. På begge sider av denne åsen var det i gamal tid skog som bestod av furu og bjørk, og i denne skogen var det Hjort. Ein meiner at dette kan vere noko av årsaka til namnet.[1]

Indre Hjartholm[endre | endre wikiteksten]

Indre Hjartholm ligg ved ei vik i Sognefjorden. Fram til 1644 var det berre eit bruk på Indre Hjartholm.[2] Frå rundt 1620-50 var det to plassmenn på garden.[3]

Ytre Hjartholm[endre | endre wikiteksten]

Ytre Hjartholm ligg ved Sognefjorden ved ei vik med god ankerplass. Garden har hatt mykje bjørk og furuskog. Om beiteretten i fjelldalen Iserklov var det strid mellom bøndene på Ytre Hjartholm og bøndene i Breidvik på 1800-talet, men det kom til forlik slik at oppsittarane på Ytre Hjartholm ikkje skulle mjølke kyrne sine utanfor elva og oppsittarane i Breidvik ikkje skulle mjølke kyrne sine innanfor elva som renn gjennom dalen.[4]

Inntil 1863 var det berre eit bruk på Ytre Hjartholm. Sidan blei det to bruk.[5] På Ytre Hjartholm var det plassmenn frå 1645.[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt side 873
  2. Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt side 873
  3. Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt side 900
  4. Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt side 902
  5. Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt side 902
  6. Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt side 914

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt, Bind 1–3 1944

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]