Hjelp:Søking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Du kan søka i sidene på Wikipedia ved å nytta søkeboksen til venstre på sida, under hovudmenyen. Under søkjeboksen er det to radioknappar, Vis og Søk. Vis-knappen tek deg rett til artikkelen med oppslagsordet du skriv inn i søkefeltet (om han finst), mens Søk-knappen viser alle sidene som inneheld oppslagsordet eller -orda du skreiv inn. Viss du veit kor du skal går det altså fortare å trykka Vis. Søk i Wikipedia tek ikkje omsyn til store eller små bokstavar.

Søkeboksen kan òg nyttast til å opprette nye artiklar. Skriv inn namnet på artikkelen du vil opprette, og trykk på Vis. Det kjem opp eit vindauge som gjev deg høve til å lage ein artikkel med det namnet du har skrive inn.

Spørrespråk[endre | endre wikiteksten]

Den indre søkemotor til Wikipedia er Lucene, som har eit omfattande spørrespråk. Dette kan brukast til å setta opp komplekse søk for å finne omgrep som ikkje er dekka av enkeltord.

Ein kan dela søkeuttrykk i enkeltord, og sammansette frasar, som blir ramma inn meddoble hermeteikn ("). Døme:

vev
ekte vev
"ekte vev"

Første søket er på et enkeltord, det neste er på to enkeltord som begge skal finnast i teksten, og det siste er ein frase der begge søkeorda skal finnast i ein oppgjeven rekkefølge rett etter kvarandre.

Ein kan også retta søket mot spesielle felt, som title:

title:kyrkje
title:"urnes stavkyrkje"

Modifikatorar[endre | endre wikiteksten]

Det finst nokre modifikatorar som endrar korleis søkemotoren tolkar søkestrengen.

Wildcard-søk[endre | endre wikiteksten]

Enkeltbokstavar og delar av ord kan erstattast med ? eller * for å markera at desse delane er ukjente og at fleire enn eitt ord kan gje treff.

vev?
vev*

Det første søket vil finna «vev» med opptil ein bokstav etter, til dømes «veva». Det siste vil finna alt som byrjer med «vev». Ein kan også setta slike wildcard inni søkeord, men ikkje i byrjinga.

vev*d

Boolske operatorar[endre | endre wikiteksten]

Boolske operatorar blir brukt for å kombinera søketermar med logiske operasjonar. Operatorene ein kan bruka er AND «&&», «+», OR «||», NOT «!» og «-». Ein må bruka store bokstavar om ein skriv namnet på operatoren.

OR eller ||[endre | endre wikiteksten]

Den boolske operatoren OR er standardoperatoren, slik at Lucene går ut frå at det skal stå OR mellom søketermar om ein ikkje skriv noko anna.

kyrkje OR kapell
kyrkje || kapell
kyrkje kapell

AND eller &&[endre | endre wikiteksten]

Den boolske operatoren AND gjer at begge termer må finnast for at det skal listast eit treff.

kyrkje AND Grosch
kyrkje && Grosch

+[endre | endre wikiteksten]

Plussoperatoren tek med dokument som inneheld termen som kjem etter operatoren.

kyrkje +mellomalderen

NOT eller ![endre | endre wikiteksten]

Denne operatoren tar resultatet av det venstre uttrykket og fjernar det som er i det høgre uttrykket.

kyrkje NOT Grosch
kyrkje ! Grosch

-[endre | endre wikiteksten]

Minusoperatoren eller forbudsoperatoren tek ikkje med dokument som inneheld termen som kjem etter operatoren.

kyrkje -mellomalderen

Gruppering[endre | endre wikiteksten]

Søk i Lucene bruker parentesen både for å gruppera enkeltspørringer og for å gruppera spørringar på eit enkelt felt.

Parentesar og boolsk spørring

(kyrkje* OR kapell*) AND Luster

Søket finn artiklar som inneheld «Luster» og «kyrkje» eller «kapell».

Parentesar og feltoperatoren

Parenteser kan også kombinerast med feltoperatoren. Då vil søket innen parentesen gjelda for det angitte feltet

title:(Vang kyrkje)

Oppdatering av søkemotoren[endre | endre wikiteksten]

Det kan ta tid før indeksen til søkemotoren blir oppdatert. Du kan derfor ikkje rekna med å finna ein artikkel som nyleg er skriven gjennom søk.

Se også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]