Hn/Attack on Titan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Attack on Titan er ein japansk mangaserie skriven og teikna av Hajime Isayama. Det fyrste kapittelet kom september månad 2009, og det siste kom april månad 2021. Serien handlar um ei verd der folk bur i byar kringsett av tri store veggjer, som er der for å verna folket mot menneskeetande jøtlar (kjempor); soga fylgjer Eren Jaeger og barndomsvenene hans, Mikasa Ackerman og Armin Arlert, som vert med i militæret for å hemna seg på jøtlane etter at dei braut seg inn i heimbyen deira. Seinare i handlingi skifter fokuset mot sidepersonar som Historia Reiss, troppleidaren Levi Ackerman og Grisha Jaeger, far hans Eren.

Mangaserien hev vorte laga som animeserie av Wit Studio (sesong 1-3) og MAPPA (sesong 4). Fyrstesesongen på 25 episodar vart kringkasta frå april til september 2013, og andresesongen på 12 episodar frå april til juni 2017.