Hn/Fortòg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sidor på Nynorsk Wikipedia som ligg under Hn er skrivne på høgnorsk.
Denne sida skal finnast òg på gjeldande nynorsk rettskriving — sjå «Fortau».

Fortau i Skreia.

Eit fortòg eller fortå(g) er ei deild av ein veg som er sett av til fotgangarar og rullestolnyttarar langsetter ei gata eller ein veg med bilferdsla. Ofte er fortòget skild ifrå gata eller vegen ved å liggja høgre en køyrebana på vegen. I vegkrossar eller andre stader der fotgangargang yver gata eller vegen er merkt, er der gjerne laga ei utjamning millom fortòget og køyrebana, slik at det skal vera lettare å kryssa gata med rullestol eller barnevogn.

I Noreg er det lovlegt å sykla på fortòg um det er gjort med varsemd, og med godtykke frå fotgangarane. Det er forbode å køyra med bil eller motorsykkel på fortòg og å setja frå seg bilar heilt eller stykkjomtil på eit fortòg. Når ein kryssar fortòg med bil eller inn- og utkøyring til eigedom, hev dei køyrande vikeplikt for fotgangarar og rullestolnyttarar på fortòget.