Hn/Skruvtvinga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Skruvtvinge».
Ymse klombrer. På fyrste radi (frå v.): klomber, G-skruvtvinga og limtvinga. På andre radi (frå v.): laustvinga, éi-hand-skjenetvinga og skruvklomber (parallellklomber).

Ei skruv(e)tvinga eller skruv(e)klomber er ei klomber som vert strama ved å skruva på ei stong med skruvfar. Ho er nytta til å klemba saman eller halda fast emne til å saga, lima eller anna som krev eit stødugt grìp.

Skruvtvingor hev jamnast berre tvo lùter, bygelen og stongi, med og utan handtak. Bygelen er oftast av metall, men kann òg vera av tre.[1]

G-tvinga[endre | endre wikiteksten]

G-tvinga (òg kalla C-tvinga) er ei vanleg skruvtvinga der bygelen både hev skruvfaret og enden som held på emnet. G-tvinga hev ein G- eller klaveforma bygel (òg kalla råma) der ei stong gjeng gjenom eine enden. Eit handtak sit gjerne fast på stongi for å hjelpa med stramingi, men mange hev i staden T-handtak, som er ei onnor og laus stong tvers igjenom.[2] Nokre hev òg vengjeskruv.

G-skruvtvinga med ymse lùter.

Flestalle G-tvingor hev lìdugt hovud på skruvlùten.[3]

Laustvinga[endre | endre wikiteksten]

Liggjande laustvinga. Til høgre er nedre lùten med handtak og skruv. Denne laustvinga hev lìdugt hovud og både sidor i «kjeften» er tekte med plast for å verna emnet.

Laustvinga likjest G-tvinga, men i staden for bygel hev ho ei loddrett skjena gjenom nedre lùten, der skruvfaret sit. Detta er so ein kann hova tvinga til tjukkare eller tunnare emne. Skruven er òg stuttare på laustvinga, etter di sjølve råma er tilmåteleg. På eine sida av skjena hev ho fòrer, og det er so den nedre lùten fær godt grìp og ikkje sklid ned når tvinga vert strama.

Båtbyggjing[endre | endre wikiteksten]

I båtbyggjing hev skruvtvingor lenge vore i bruk og då oftast kalla skruvklomber eller båtskruv. Desse hev tvo bogne skidor som sit i hop med ei stong på midten. Frå gamalt vart desse strama ved å banka inn ein kile millom skidone i eine enden, men det vart med kvart vanlegare å strama med skruv.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Skruvstikka

Kjeldor[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Vestlandsbåtar : frå oselvar til sunnmørsåttring - Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 12. desember 2020 
  2. «G Cramps», technologystudent.com, henta 12. desember 2020 
  3. «Teknologisk forlags store snekkerbok : verktøy, arbeidsmetoder, materialer, design - Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 13. desember 2020