Holl Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 66°25′S 110°25′E
Holl Island
øy
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Øygruppe Windmill Islands
Stad Antarktis
 - koordinatar 66°25′S 110°25′E
Lengd 2,7 km
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Holl Island is located in Antarktis
Holl Island (Antarktis)

Holl Island er ei klipperik, trekantforma øy i Antarktis som markerer sørvestenden av Windmill Islands. Ho vart kartlagd frå flyfoto teken under US Navy Operasjon Highjump, 1946–1947, og US Navy Operasjon Windmill, 1947-1948. Ho vart namngjeven av US-ACAN etter løytnant Richard C. Holl i USNR, som var kartkonstruktør i Navy Hydrographic Office under Operasjon Windmill då det vart oppretta astronomiske kontrollstasjonar på Holl Island og langs Queen Mary og Knox Coast.

Churchill Point[endre | endre wikiteksten]

Churchill Point ligg nordvest på øya. Det vart namngjeve av US-ACAN etter sambandsmannen Robert W. Churchill i US Navy ved Wilkes Station i 1958.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]