Holleford-krateret

Landsat-bilete av Holleford-krateret over ein digital høgdemodell (høgdeskalaen er overdriven) Sjølv om krateret er dekt av lausmassar, er plasseringa (markert med piler) synleg som eit søkk i terrenget. Biletet er frå NASA World Wind
Holleford-krateret er eit meteorittkrater i Ontario i Canada. Krateret er ei sirkelforma fordjuping med ein diameter på 2350 meter og ei djupne på 30 meter. Det er om lag 550 millionar år gammalt og er i løpet av den tida nesten vorte utviska av erosjon, avleiring og oppdyrking. Det er likevel lett å kjenne att krateret på luftfoto.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Holleford-krateret» i Store norske leksikon, snl.no.
|