Holmåkfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 67°51′43″N 15°12′04″E Holmåkfjorden er ein fjordarm av Skjettenfjorden i Steigen kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 6,5 km sørvestover til Skjelvareid i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom grendene Vindsnes i vest og Steinsland i aust. Andre grender langs fjorden er Fure på vestsida og Holmåk, som har gjeve namn til fjorden, på austsida.

Riksveg 835 går langs austsida av fjorden, medan Fv636 går langs den indre, vestlege delen av fjorden.