Holomiktisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Holomiktisk er eit omgrep nytta om innsjøar der heile vassmassen sirkulerer under vinteravkjølinga. På midlare breiddegrader har dei holomiktiske innsjøane oftast to fullsirkulasjonsperiodar i året, ein om hausten og ein om våren (dimiktiske innsjøar). Desse sirkulasjonsperiodane skjer når heile vassmassen har tilnærma same temperatur. På våre breiddegrader er vasstemperaturen då nær 4 ºC. Ferskvatn har nemleg størt tettleik ved denne temperaturen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Holomiktisk» i Store norske leksikon, snl.no.