Holstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Jylland og Nord-Tyskland med Holstein markert i gult.

Koordinatar: 54°10′N 9°40′E Holstein eller Holsten (dansk Holsten (uttalt med lang e), høgtysk Holstein, nedertysk Holsteen) er eit område i Nordtyskland, i delstaten Schleswig-Holstein.

Holstein var opphavleg eit grevskap, men vart frå 1474 eit hertugdømme som ein del av det tysk-romerske rike. Valet av hertug eller greve skjedde på landstingeine som vart halde ved Bornhøved. Folkeforsamlingane på landstinga utvikla seg til stenderforsamlingar, kalla landdagar.

I 1460 lukkast det Christian I å bli valt til regjerande fyrste i både det danske hertugdømmet Slesvig og det tyske Holstein, det vil seie at hertugdømma kom i personalunion med Danmark og Noreg. Men då Christian I døydde, vart regjeringsmakta igjen delt. Broren hans, Frederik, vart valt til regjerande hertug saman med kong Hans. Det førte til delinga i 1490, som fekk konsekvensar for Sønderjylland. Fellesregjeringa opphøyrde i Slesvig etter 1713, då den gottorpske del av Slesvig kom inn under kongen, Frederik IV.

Som hertug av Holstein var den dansken-norske kongen vasall under det tyske riket. Dette vart oppløyst i 1806 og Holstein/Holsten vart ein del av det danske monarkiet. Frå 1815 var det samtidig ein del av det tyske forbundet. I 1848 braut det ut eit ope opprør, som vart slått ned i treårskrigen. Forsøk på å innføre ein fellesforfatning for kongeriket Danmark og hertugdømmet Slesvig vart stoppa, sidan stenderforsamlingane i Holstein og Slesvig var tyskdominerte. Dei ynskte ei samanslutning av Schleswig og Holstein til ein stat. Austerrike og Preussen støtta stenderforsamlingane, og erobra hertugdømma i 1864. Schleswig og Holstein vart i 1867 sameint til provinsen Schleswig-Holstein og innlema i kongeriket Preussen. Nordslesvig vart i 1920 igjen dansk etter folkeavstemminga om Slesvig. Det øvrige Schleswig-Holstein vart frå 1946 ein eigen tysk delstat.