Horatio Alger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Horatio Alger
Horatio Alger Jr.jpg
Pseudonym Carl Cantab
Arthur Hamilton
Caroline F. Preston
Arthur Lee Putnam
Julian Starr
Fødd 13. januar 1832
Chelsea
Død

18. juli 1899 (67 år)
Natick

Yrke skribent, romanforfattar, barnebokforfattar, journalist, forfattar
Sjanger barne- og ungdomslitteratur
Far Horatio Alger
Mor Olive Augusta Fenno
Signatur Signatur
Horatio Alger på Commons

Horatio Alger Jr. (/ˈælər/; 13. januar 183218. juli 1899) var ein amerikansk forfattar som skreiv ungdomsbøker om fattige gutar som oppnådde tryggleik og komfort gjennom gode gjerningar og ærlegdom. Slike forteljingar er kjende som «from-rags-to-riches»,[1] og er ein grunnleggjande del av amerikansk kultur knytt til den amerikanske draumen.

Alger grunnfesta den litterære karrieren sin i 1868 med den fjerde boka si, Ragged Dick, som fortel om ein ung skopussar som oppnår middelklassevelstand. Romanen blei ein stor suksess, og etter denne skreiv Alger ei rekkje bøker over same lesten. Desse bøkene hadde typisk ein modig, hardtarbeidande og ærleg ung gut som hovudkarakter, ein snobbete ungdom, ein vond, grådig rikmann og ein mystisk framand som viste seg å vera ein velgjerar. På 1870-talet føreslo forleggjaren til Alger at han skulle reisa til vestlege USA for å få nytt materiale til bøkene sine. Alger drog til California, men lite endra seg i mønsteret til bøkene. Einaste skilnaden var at bøkene hans føregjekk i den litt villare vesten enn dei urbane delane av Nordaust-USA.

Mot slutten av 1800-talet utvikla Alger ein røffare tone i samsvar med endra smak blant lesarane sine, som ønskte seg sensasjon og spenning. Vald, drap og liknande tema blei del av verka hans. Bibliotekarar ved offentlege bibliotek stilte spørsmål ved om slike bøker skulle vera tilgjengelege for barn.[2][3] Trass i dette fekk bøkene til Alge fornya interesse dei fyrste tiåra av 1900-talet, og blei selde i tusental. Då han døydde i 1899 hadde Alger gjeve ut rundt hundre titlar. Han er gravlagd i Natick i Massachusetts. Sidan 1947 har Horatio Alger Association of Distinguished Americans gjeve stipend og prisar til verdige individ.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

  • 1856: Bertha's Christmas Vision: An Autumn Sheaf (dikt og soger)
  • 1868: Ragged Dick, Or, Street Life in New York with the Boot-Blacks
  • 1868: Fame and Fortune; or, The Progress of Richard Hunter
  • 1869: Rough and Ready; or, Life Among the New York Newsboys
  • 1872: Strive and Succeed; or, The Progress of Walter Conrad
  • 1879: The Young Miner; Or, Tom Nelson in California
  • 1879: The Telegraph Boy
  • 1881: From Canal Boy to President; or, The Boyhood and Manhood of James A. Garfield
  • 1883: Abraham Lincoln: the Backwoods Boy; or, How A Young Rail-Splitter Became President
  • 1904: Adrift in New York: Tom and Florence Braving the World
  • 1906: Joe the Hotel Boy, or Winning Out by Pluck

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Haugen, Morten Olsen (18. januar 2019). «Horatio Alger». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. THE LIBRARY JOURNAL (på engelsk). 1878. s. 299. 
  3. Association, American Library (1908). Bulletin of the American Library Association (på engelsk). American Library Association. s. 160. 
  • Denne artikkelen bygger på «Horatio Alger» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2022.
  •  Scharnhorst, Gary; Bales, Jack (1981). Horatio Alger Jr.: An Annotated Bibliography of Comment and Criticism. Scarecrow Press. ISBN 978-0-8108-1387-8. 
  • Nackenoff, Carol. "The Horatio Alger Myth", in Myth America: A Historical Anthology, Volume II. 1997. Gerster, Patrick, and Cords, Nicholas. (editors.) Brandywine Press, St. James, NY. ISBN 1-881089-97-5

Arkiv[endre | endre wikiteksten]

  • The Papers of Horatio Alger, 1880–1953 ved Huntington Library.
  • The H. Jack Barker Papers, ved Emory University's Manuscripts, Archives, & Rare Book Library.
  • The Seligman Family Papers, 1877–1934 ved American Jewish Archives i Cincinnati i Ohio.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Horatio Alger