Hornskei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
To hornskeier av kuhorn
Foto: Andreas Vartdal

Hornskei er ein reiskap ein nyttar til å ete. Hornskeia er laga av horn, oftast av storfe. Horn av geiter og vêrar har og vorte brukt. Ein kjenner til at horn har vorte nytta til å laga bruksgjenstandar og smykker heil sidan steinalderen.

Horn er lett å forme. Først tek ein vekk beinet som er inne i hornet og kappar av den harde spissen. Til hornskeier vert hornet delt på langs. Så varmar ein det varsamt opp, antan i vatn eller over open eld. Hornbiten vert sett i press i ei skeipresse for å få rett skap på skeibladet. Etter eit døger kan ein forme skeia, pusse og polere henne.

Det er vond smak av ei ny skei. Det er vanskeleg å vaske opp hornskeier i varmt vatn. Då vil dei lett miste fasongen. Tidlegare var det vanleg at kvar hadde si personlege skei, som hadde sin faste plass. Det kunne ofte vera ein sprekk i veggen. Etter bruk slikka brukaren god av skeia og sette ho på sin plass.

Hornskeier har, liksom treskeier, vorte rekna som betre å ete med enn meir moderne metallskeier.

Hornskeier har vorte brukt til å glatte tøy med.

I moderne landbruk vert dei fleste kalvane avhorna som små. Det kan difor vere vanskeleg å få tak i emne til hornskeier.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]