Hovudtelefon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jente med øyretelefonar.

Hovudtelefonar eller øyretelefonar er små høgtalarar som enten er plasserte rett utanpå det ytre øyret, eller sette eit lite stykkje inn i øyregangen. Når ein brukar øyretelefonar kan ein høyra på til dømes musikk, nyhende, osb., utan å forstyrra andre. Dei vert òg nytta for å høyra på musikk medan ein går, spring eller syklar, eller medan ein nyttar offetnlege transportmiddel som tog, buss og fly.

Utanpåliggjande hovudtelefonar[endre | endre wikiteksten]

Hovudtelefonar av den utanpåliggjande typen delast inn i tre klassar: Lukka, halvopen og open.

Opne øyretelefonar[endre | endre wikiteksten]

Øyretelefonar av den opne typen, mynta på profesjonelt bruk (Beyerdynamic DT 990 Pro).

Den heilopne typen er open både mot øyret og utover. Høgtalarelementa heng da litt utanfor øyret. Ny teknikk har løyst det tidlegare problemet med nivåfall i bassen på opne hovudtelefonar. Desse heilt opne løysningane kan gje ein meir naturleg lyd. Den opne typen slepp gjennom lyt frå/til utsida, og høver best i støyfrie omgjevnadar og/eller når det ikkje er andre til stades. Den typen vert som oftast rekna for å gje noko beter lydkvalitet, og vert ofte nytta av av lydteknikarar, som miksar lyd i samband med til dømes kringkasting, men òg av andre som set pris på god lydkvalitet. Det finst òg ein mellomting, i form av sokalla halvopne øyretelefonar.

Lukka øyretelefonar[endre | endre wikiteksten]

Den lukka typen har den fordelen at dei isolerer lyd bra. Dei hindrar lyd i å trenga inn og forstyrre lyttaropplevinga, og dei hindrar samstundes lyden i å lekka ut og forstyrre dei rundt. Ein annan føremon med den lukka konstruksjonen er den gode attgjevinga av bass den kan gje. Ulempa er at lyden ofte blir mindre open.

Halvopne øyretelefonar[endre | endre wikiteksten]

Den halvopne typen har ein pute som sluttar tett rundt eller mot det ytre øyret, med ein kappe som er open utover. Denne typen har blitt veldig vanleg i seinare tider. Puta er med på å gje god attgjevinga av bassområdet, samtidig som den opne konstruksjonen bidreg til ein open og luftig lyd.

Øyreproppar[endre | endre wikiteksten]

Øyretelefonar for plassering i øyrekanalen (Sony EX-802)).

Små øyretelefonar plasserte i øyrekanalen vert gjerne kalla «øyreproppar». Denne typen vert ofte nytta av dei som lyttar på musikk medan dei går, syklar eller reiser med offentleg transport, som tog og buss. Det finst eit utal med forskjellige variantar, brå billige versjonar med hus av plastikk, til profesjonale versjonar, laga av ulike materialar. På grunn av at øyrekanalen vert stengd av frå omverda dempar dei støy, men samstundes kan det vera eit problem at brukarane ikkje får med seg sirener og andre varsellydar. Etter som dei stenger av øyregangen er dei i stand til å gje att kraftig bass. Lydtrykket kar bli svært stort og mange har fått nedsett hørsel etter å ha spela for høg musikk.

Arbeidsprinsipp[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire typar hovudtelefonar til ulike høve. Dynamiske element er vanlegast, medan dyrare elektrostatiske hovudtelefonar er sjeldnare.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hovudtelefon