Huasco-provinsen
Huasco | |||
provins | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Vallenar | ||
Areal | 19 066 km² | ||
Type | Provins | ||
Folketal | 73 133 | ||
![]() Huasco-provinsen | |||
Provinsen Huasco er ein av dei tre provinsane som Atacama-regionen i Chile er delt inn i, og blant desse tre ligg han lengst mot sør. Dei to andre provinsane i regionen er Chañaral i nord og Copiapó i midten. Alle tre provinsar har grense mot Argentina i aust og kystlinje mot Stillehavet i vest. I sør grensar Huasco mot Elqui-provinsen i Coquimbo-regionen. Huasco har eit areal på 19 066 km² og har ein folkesetnad på 73 133 innbyggjarar (2017).
Huasco er delt inn i fire kommunar:
- Vallenar, provinshovudstad med meir enn halvdelen av folkesetnaden i provinsen
- Freirina
- Huasco
- Alto del Carmen
Provinsen Huasco har ei historie som er spesielt knytt til gruvedrift. Gull og kopar gav bidrag til den økonomiske utviklinga av landet. Gruvehistoria byrja hos urfolket, i før-kolonitid.
I mars 2015 vart provinsen ramma av eit uvêr som påverka området frå Antofagasta til Coquimbo, med etterfølgjande flaum og overløp av Copiapó-elva, jordskred, menneske isolert på grunn av vegsperringar, hus og infrastruktur øydelagt.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen inneheld omsett tekst frå «Provincia de Huasco» frå Wikipedia på spansk, den 15. januar 2023