Hundreogtjueåttedelsnote

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beethoven nytta hundreogtjueåttedelsnotar i 1. sats av Pathetique-sonaten. Dette er ein av svært få stader der slike notar finst innan tradisjonell klassisk musikk.
Ein hundreogtjueåttedelsnote med halsen opp, ein med halsen ned og ein hundreogtjueåttedelspause til slutt.
Fire hundreogtjueåttedelsnotar bunde saman ved hjelp av notebjelkar.

Ein hundreogtjueåttedelsnote er i musikknotasjon ein note som tilsvarar 1/128 (éin hundreogtjueåttedel) av verdet til ein heilnote. Med andre ord går det 128 hundreogtjueåttedelsnotar på den tida det tek å spele éin heilnote. Ein enkel hundreogtjueåttedelsnote er avbilda med hovud, hals og fem faner festa til halsen. Det er likevel svært uvanleg å spele verk med einslege hundreogtjueåttedelsnotar i vanleg klassisk musikk. Som regel opptrer dei i grupper, der alle notane festast saman ved hjelp av fem notebjelkar. På den måten blir det òg mykje lettare for musikarar å lese partitur der notane finst.