Hunte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hunte
elv
Hunte b Doetlingen.jpg
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Lengd 198 km
Kjelde Wiehengebirge
 - høgd 160 moh.
Munning Weser
Wikimedia Commons: Hunte

Hunte er ei elv i Niedersachsen nordvest i Tyskland og ei av sideelvane til Weser frå venstre med ei lengd på 198 km. Ho har sitt utspring Wiehengebirge og renn hovudsakleg nordover gjennom byane Bad Essen, Diepholz, Wildeshausen og Oldenburg. Ho munnar ut i Weser i Elsfleth. Delen mellom Oldenburg og Weser er framkommeleg for lasteskip, og knyter Weser til Küstenkanal, som går frå Oldenburg til Ems.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]