Hurdal prestegard
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hurdal prestegard eller Gjøding gard ligg like nordvest for Hurdal kyrkje.
Garden skal vere den første garden som vart rydda i området.[1] Prestegardsbygningen vart oppført i 1837. Fredingsplanar vart fråfalne i 1992, men anlegget vart foreslått omregulert til spesialområde for bevaring. Garden vert ikkje nytta som prestegard i dag, men er teken over av eit aksjeselskap.[2]
På grunnen til den tidlegare prestegarden er ei rekkje arkeologiske kulturminne.[3]
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Store norske leksikon om Hurdal.
- ↑ Historikk for Hurdal økolandsby.
- ↑ Sjå Riksantivarens Kulturminnesøk.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Hurdal økolandsby
- Gunnar Birkeland og Sigrunn Nerdal, red. (2015). «52 Hurdal prestegård». Prestegårder i Norge – et utvalg. Opplysningsvesenets fond. s. 51–52.