Hopp til innhald

Hurra for deg som fyller ditt år!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Hurra for deg som fyller ditt år!», eller «Fødselsdagen», som er opphavlege namnet, er ein norsk fødselsdagssong og -songleik med tekst av Margrethe Munthe. Melodien er ein norsk folketone. Songen stod fyrste gong på trykk i boka Saa leker vi litt i 1911,[1] og blir framleis (per 2025) ofte sungen i fødselsdagar.

I Saa leker vi litt skreiv Munthe korleis leiken kan gå føre seg, med gjestane i ein ring omkring fødselsdagsbarnet. Gjestane bukkar, nikkar, neiar og togar i medhald av songteksten. Til slutt vel jubilanten éin av dei som vert med på dansen.

Det er med åra vorte vanleg å leggja til linja «Gratulere!» til slutt i fyrste strofe og «Til å feste!» i slutten av andre. Desse står ikkje i den opphavlege teksten til Munthe.[1]

Teksten er gitt under etter Rettskrivinga av 2005, ikkje Rettskrivinga av 1907 som gjaldt då Munthe skreiv songen.

1. vers:

Hurra for deg som fyller ditt år!
Ja, deg vil vi gratulere!
Alle i ring omkring deg vi står,
og se, nå vil vi marsjere.
Bukke, nikke, neie, snu oss omkring, (original: Bukke dypt og neie, snu oss omkring)
danse for deg med hopp og sprett og spring. (original: danse for deg med hopp og med spring)
Ønske deg av hjertet alle gode ting!
Si meg så, hva vil du mere?

Gratulere![a]


2. vers:

Høyt våre flagg vi svinger. Hurra!
Ja, nå vil vi riktig feste!
Dagen er din, og dagen er bra,
men du er den aller beste!
Se deg om i ringen, hvem du vil ta!
Dans en liten dans med den du helst vil ha! (original: Dans så en dans med den du helst vil ha)
Vi vil alle sammen svinge oss så glad:
En av oss skal bli den neste!

Til å feste![a]

\relative c' { \set Staff.midiInstrument = #"clarinet" \key f \major \time 3/4 \set Score.tempoHideNote = ##t \tempo 4 = 100 f4 a8. c16 a8. f16 | e4 g8. e16 c8. c16 | f4 a8. c16 a8. f16 | e4 f2 | f4 a8. c16 a8. f16 | e4 g8. e16 c8. c16 | f4 a8. c16 a8. f16 | e4 f2 | bes8. bes16 bes8. bes16 bes8. bes16 | a4 a8. a16 a4 | g4 g8. g16 g8. g16 | f8. g16 a8. bes16 c4 | bes8. d16 d8. d16 d8. bes16 | a8. c16 c8. c16 c8. a16 | g8. g16 g8. a16 bes8. e,16 | g4 \tempo 4 = 60 f4\fermata \tempo 4 = 95 a8. e16 | g4 f2 \bar "|." } \addlyrics { Hur -- ra for deg som fyl -- ler ditt år! Ja, deg vil vi gra -- tu -- le -- re. Al -- le i ring om -- kring deg vi står, og se, nå vil vi mar -- sje -- re. Buk -- ke, nik -- ke, nei -- e, snu oss om -- kring, dan -- se for deg med hopp og sprett og spring. Øn -- ske deg av hjer -- tet al -- le go -- de ting Og si meg så, hva vil du me -- re? Gra -- tu -- le -- re! }
  1. 1 2 Det er med åra vorte vanleg å tilføye denne linja. Ho står ikkje i Munthes opphavelege tekst.
  1. 1 2 Munthe, Margrethe (1911). Saa leker vi litt! : sang og gymnastikleker. Cappelen. s. 6–7.