Hydrografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hydrografi er den delen av havforskinga som omhandlar dei kjemiske og fysiske tilhøva i havvatnet, som salinitet, temperatur og sirkulasjon. Ein som jobbar med hydrografi vert kalla ein hydrograf.

Omgrepet omfattar òg arbeidet som ligg til grunn for utgjevinga av sjøkart, skildringar av farvatn, tidevasstabellar og liknande.

Langs norskekysten er det Statens kartverk, Sjøkartverket som utfører kartleggingsarbeidet og gjev ut sjøkart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]