Hypotermi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hypotermi er ein tilstand der kroppstemperaturen er nedsett. Hjå menneske reknar ein med at dei er hypoterme når kjernetemperaturen til kroppen er under 35 °C.[1] Dette kan vera skadeleg for kroppen, men kan i nokre tilfelle også vera gunstig. Ein del dyr går inn i ein søvnaktig eller dvaletilstand ved hypotermi. Desse dyra kan kontrollera kroppstemperaturen slik at han berre er litt høgare enn temperaturen rundt dei, og kan koma raskt ut av tilstanden utan å ta skade.[2] Nedkjøling blir òg brukt ein del innan medisin.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dietrichs, Erik Sveberg; Opdahl, Helge (17. mars 2019). «hypotermi». Store medisinske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «Hypothermia | physiology», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 19. september 2021