ISSN

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

ISSN er kortforma for International Standard Serial Number (Internasjonalt standard serienummer). ISSN-systemet er eit vanleg system for identifisering av blad og andre tidsskrift. I ISSN-systemet har kvar publikajon eit eige og unikt ISSN-nummer, men ikkje eit for kvar utgåve, slik som det er med ISBN-nummer. Det er fast, og vert ikkje endra utan at det skjer store endringar med publikasjonen. I tillegg til papirutgåver av publikasjonar, vert ISSN-nummer òg brukt til elektroniske publikasjonar. ISSN-systemet har ISO-nummeret 3297. Det fekk det i 1975.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]