Ida M. Tarbell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ida Tarbell

Ida Minerva Tarbell (5. november 18576. januar 1944) var ein forfattar og journalist frå USA. Som journalist vart ho kjend som ei av dei leiande «muckrakers» (møkkagravarane).

Ho vart kjend for sin undersøkjande journalistikk knytt til oljeselskapet Standard Oil Company. Ho skreiv ein artikkelserie i 19 delar frå november 1902 og fram til oktober 1904. Artiklane vart samla og publisert som The History of the Standard Oil Company i 1904. Artikkelserien var viktig i prosessen fram mot oppsplittinga av Standard Oil i 1911. Standard Oil vart mellom anna skulda for kartellverksemd.

Andre bokutgjevingar Life of Abraham Lincoln (1900), The Business of Being a Woman (1912), The Ways of Women (1915), biografiar om Elbert H. Gary (1925) og Owen D. Young (1932), The Nationalizing of Business, 1878–1898 (1936), og sjølvbiografien, All in the Day's Work (1939).

Ho døydde av lungebetennelse i 1944, 86 år gamal.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]