Iivo Nei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Iivo Nei

Statsborgarskap Estland
Fødd 31. oktober 1931 (92 år)
Tartu
Yrke sjakkspelar
Iivo Nei på Commons

Iivo Nei (fødd 31. oktober 1931) er ein estisk sjakkmeister fødd i Tartu.

Iivo Nei var ein lovande junior, og i 1947 tok han tredjeplassen i den 6. Sovjetiske juniormeisterskapen i sjakk i Leningrad. Viktor Korchnoi vann turneringa. I 1948 delte han førsteplassen med Korchnoi i den 7. sovjetiske juniormeisterskapen i Tallinn.

Iivo Nei (1966)

Iivo Nei har vunne den estiske meisterskapen i sjakk åtte gongar: 1951, 1952, 1956, 1960, 1961, 1962, 1971 og 1974.

I 1955 delte han 3-6.-plass i den baltiske meisterskapen i sjakk i Pärnu. Meisterskapen vart vunnen av Paul Keres. I 1960 kvalifiserte han seg til den 27. Sovjetmeisterskapen i sjakk i Leningrad, der han fekk ein delt 14-15.-plass. Korchnoi vann turneringa.

Han vann så den baltiske meisterskapen i 1961 i Palanga, i 1963 i Estland og i 1964 i Pärnu. I 1964 delte han førsteplassen med Keres i Beverwijk. I 1965 vart han nummer to etter Vladas Mikenas i den baltiske meisterskapen i Palanga.

Verdssjakkforbundet FIDE tildelte Iivo Nei tittelen Internasjonal Meister i sjakk (IM) i 1964.

Iivo Nei var ein av Boris Spasskij sine sekundantar, saman med Efim Geller og Nikolai Krogius under Verdsmeisterskapen i sjakk 1972 i Reykjavik, tvekampen mot amerikanaren Bobby Fischer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]