Immersjonsobjektiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Immersjonsobjektiv er eit mikroskopobjektiv som er berekna slik at ei væske må fylle rommet mellom objektivet og objektet. Med immersjonsobjektiv oppnår ein større oppløysningsevne enn med vanlege objektiv. Som immersjonsvæske kan ein bruke vatn, men som regel nyttar ein olje med noko høgare brytingsindeks, oftast sederolje. Ho har brytningsindeks 1,52, omtrent som dekkglaset i mikroskop. Lyset blir difor reflektert lite ved overgangen mellom glaset og olja, noko som bidreg til å gjere biletet klårare.

Ved elektronmikroskop er immersjonsobjektivet ei elektrisk linse der det akselererande feltet byrjar like ved katoden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]