In kommer Gösta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«In kommer Gösta» er ein song av den løyndomsfulle skånske gruppa Philemon Arthur and the Dung. Han var med på det sjølvtittulerte debutalbumet deira frå 1971.

Teksten i songen er om ein kaffityrst kar kalla Gösta. I starten av songen kjem denne Gösta inn. Mot midten av songen spør han om dei har noko kaffi, og får relativt kjapt negativt svar. Då går Gösta att, og det vert sagt adjø. Begge bandmedlemmane syng, til tider får songen eit kanonpreg. Instrumenteringa er sparsam, men framføringa er iherdig. Songen er tre minuttar og seksten sekundar lang.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]