Inchydoney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Inchydoney er ei lita øy vest i County Cork i Republikken Irland. Ho har lenge vore forbunde til fastlandet via to vegfyllingar. Den næraste byen er Clonakilty. Det ligg ei strand på øya kalla Blue Flag beach.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1584 vart øya, som tidlegare hadde vorte konfiskert av Krona, gjeve av Dronning Elizabeth I til Biskopen av Ross. Etter Slaget ved Clonakilty i 1642 flykta 600 av dei irske styrkane til øya for å søke tilflukt, men tidvatnet kom inn medan dei kryssa over og alle drukna før dei kom seg til land.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Inchydoney, West Cork». Inchydoney.net. Henta 17. september 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]