Independence-fjorden
Independence-fjorden | |||
fjord | |||
MODIS-satellittbilde av Nord-Grønland med Independence-fjorden
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Wandelhavet | ||
![]() Independence-fjorden | |||
Wikimedia Commons: Independence Fjord | |||
Independence-fjorden er ein fjord nordaust på Grønland. Han er kring 200 km lang og opptil 30 km brei. Fjorden munnar ut i Wandelhavet i Polhavet. Jørgen Brønlund Fjord er ein mindre sidefjord til Independence-fjorden.
Independence-fjorden har gitt namn til to forhistoriske inuittkulturar, Independence I-kulturen og Independence II-kulturen.
Forsking[endre | endre wikiteksten]


Fjorden og omgjevnadene hans har vore gjenstand for utforsking siden byrjinga av 1900-talet. Den fyrste vitskaplege utforskinga av spora etter førhistoriske busetnader blei gjeven ut av Christian Bendix Thostrup i 1911 under tittelen Ethnographic Description of the Eskimo Settlements and Stone Remains in North-East Greenland.
Forhistorie[endre | endre wikiteksten]
Nord for fjorden, sør i Peary Land, har ein funne spor etter bustader frå Independence I-kulturen. Folk frå denne kulturen har late etter seg reiskapar av stein og bein som vitnar om jakt på blant anna moskusokse og snøhare. Dateringar viser at Independence I-folka budde i området i tida 2400-1800 f.Kr. Ein har gjort liknande funn, daterte til 1800-1300 f.Kr., sør for fjorden. Det er ukjent om innbyggjarane vandra sørover eller døydde ut på staden.
På liknande vis er det funne spor frå tida 800-200 f.kr. som høyrer til Independence II-kulturen. Opphavleg trudde ein at dei to arktiske kulturane høyrde samen, men den danske polarforskaren og arkeologen Eigil Knuth kunne i 1956 påvisa at der var tale om to ulike kulturar, dels gjennom skilnadane på byggemåten til bustadane, dels ved skilnader i reiskapstypane deira. Bustadene frå Independence II-kulturen er meir samansette i konstruksjonen og større enn bustadene frå Independence I-kulturen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Independence-fjorden» frå Wikipedia på dansk, den 21. september 2022.