Informasjonskrigføring
Utsjånad
Informasjonskrigføring er eit konsept der stridsideen er styring av massemedia og sambandsteknologi for å nytta seg av overlegne føremuner på dette feltet. Elementa i denne forma for krigføring inkluderer alle disiplinar innan etterretning, spreiing av propaganda, demoralisering av potensielle fiendar, psykologisk manipulering og forsøk på å dra motparten sine intensjonar i tvil. Det er her ein nær samanheng med psykologisk krigføring. [1]
Informasjonskrigføring kan til dømes bruke desse elementa:
- TV, internett og radio kan jammast.
- TV, internett og radio kan verta overtekne og brukte som kanalar for desinformasjon og propaganda.
- Logistikksamband kan verta sette ut av spel.
- Aksjebørsen til potensielle fiendar kan manipulerast.
- Droner (UAV) og nettkamera kan verta overtekne eller sette ut av spel.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kiyuna, A.; Conyers, L. (14 April 2015), CYBERWARFARE SOURCEBOOK, Lulu.com, ISBN 9781329063945 – via Google Books